Etablering av splitter nye Sana Oris Tannklinikk AS på berre 9 veker.
BV Consult har bidratt til utvikling av ein komplett forretningsplan. Utgreiing og forming av DNA, bodskap, val av strategisk posisjon, først, så planar for oppbygging, budsjetter, finansiering og evaluering og val av utstyr. Kommunikasjon med Profilering og WEB er gjort i samarbeid med Osberget. Etableringa er gjennomført på rekordtid, frå arbeidet med lokala starta 17 November til opning av splitter ny klinikk klar til bruk den 29 Januar 2018, har det gått 9 veker. Dette er ifølge Jacobsen Dental, som leverer utstyret, ny rekord i bransjen. På denne tida er det også etablert lange kundelister.
Hausten 2017 vart Idunn Dyrhaug (dagleg leiar og deleigar) kjøpt ut av Herøy Tannlegesenter. Vedtaket om å etablere ny tannklinikk vart dermed raskt fatta, og Idunn sjølv tok jobben som Prosjektleiar og byggeleiar. Vi såg raskt at den logiske staden for å etablere eit tannlegesenter var Myrvåg. Her var vi også heldige med å finne eigna romslege lokaler. Myrvåg ligg sentralt til for Ørsta, Volda, Sande, Ulstein, Herøy og Vanylven. Ei befolkning på 50-60.000 menneske er innanfor 20min køyring.
Med Dyrhaug sin verditankegang, etiske pasientfilosofi og omdøme var det heller ikkje vanskeleg å finne ut kva som måtte verte selskapet sin Visjon: «Frisk munn og naturlege tenner til alle – heile livet». Derav også namnet Sana Oris, som tyder frisk munn. Med dette som ideologisk grunnlag for aktiviteten på klinikken vart det valt ut topp moderne utstyr for presis og rask diagnose og utstyr for å konstruere og produsere naturlege tenner, tilpassa tennene til den enkelte pasient. Dette gir skånsam, og effektiv behandling og underbygger såleis klinikken sin unike visjon. Visjonen og verdisettet står sentralt i det å forme kulturen for pasientbehandling på klinikken. Det er tilsett eigen kirurg og eigen periondontist som har tannkjøtsjukdomar som hovudfelt. Dette gjer Sana Oris heilt unik og til den mest moderne tannklinikken i regionen.