Strategiske analysar og strategiprosessar
Ein gjennomarbeidd strategi er bedriftsleiaren sitt viktigaste verktøy for effektiv leiing mot utfordrande mål. Ein god involverande strategiprosess gir ei forløysande oversikt over situasjonen, med avklaring av mål og retning på eit overordna nivå. Dette gjer styre og eigen administrasjon meir samsnakka og i operativ stand til å ta rette og samordna beslutningar, raskt, på alle nivå. Ein god strategiprosess er såleis basis for effektiv utvikling og vekst mot nye marknadsposisjonar.
BV Consult innleier ein slik prosess med ei analysefase som gir leiinga ei oppdatert og utvida innsikt i eiga bedrift, eigen posisjon i bransjen og ei oppdatering i kundeverdiar. Dette skaper grunnlag til å modne fram gode strategiar igjennom prosessen.
BV Consult kan
Bidra med å fasilitere eller leie strategiprosessen
Utarbeide sentrale strategiske analyser
Modellering og visualisering av forretningsmodell, ev. alternativ
Bidra til strategiutforming, med forankring i organisasjonen
Bidra til realistiske, gjennomførbare handlingsplanar og budsjetter.