Prosjektstyring
God prosjektstyring er heilt avgjerande for verksemder i prosjektbaserte bransjar. God prosjektstyring sikrar ikkje berre lønnsemd og risiko, men også fornøgde kundar og mindre frustrasjon mellom kollegaer og samarbeidspartnarar.
Dette krev først og fremst ein god offensiv prosjektmodell, men også kommersiell kompetanse, offensiv risiko-handtering og ein infrastruktur med tilgang på riktige styringsverktøy. Prosjektmodellen må sikre ein rask, effektiv og presis oppstart og ei "LEAN" gjennomføring, samtidig som kunden får sine ynskjer oppfylt undervegs. Oppfølgingssystemet skal gi tidleg oversikt med presis avviks- rapportering og korrigering. Med dette på plass, får ein eit lærande og offensivt prosjektmiljø som unngår å gjere same feil på nytt og som foredlar prosjektstyringa til stadig å bli betre.
BV Consult kan bistå med å utvikle og implementere eit tilpassa prosjektstyringskonsept med:
Offensiv prosjektmodell tilpassa bedrifta og leveransane
Overordna prosjektorganisering, og -styring (for CEO /COO eller Prosjektsjef)
Offensiv risiko styring med effektiv prosjektstart, kritiske innkjøp og ressurs-setting.
Prosjektstyringskonsept med løpande resultatprognosar, basert på «Earned Value» med avvik og tidleg korrigering.
Tilbods- og kontrakts standardar som gjev styring.