Skips- & Offshore Verft Gasta Design Skips- & Offshore Verft Gasta Design

Ulstein Verft AS

Ulstein_Verft_Karl_Otto_Kristiansen_reduced_6670.jpg

Første Generalplan skisse i 1996, Vedtatt i 1998, Ferdig utbygd i 2000, BV Consult stiftet i 2003

Ulstein Verft var BV Consult sin første oppdragsgivar. 

Som tidlegare Verfts-utviklingssjef i Ulstein Verft ledet Bjarne Voldnes bl.a. arbeidet med UV 2000+ Prosjektet. Dette skulle bringe Ulstein verft inn i moderne skipsbygging og samlokalisere skipsbygginga på avd Hatlø. Arbeidet starta i 1996 med analyser og studiar av den mest moderne skipsbygging i Europa. Basert på dette ble det utforma ein byggemetodikk for tidleg-utrustning av storseksjonar og mottak av skrog frå lågkostland. Generalplan vart vedtatt i 1998 saman med første byggetrinn. Hovudinvesteringane stod ferdig i 21.12.2000 - "i tråd med plan innafor budsjett".

Da hadde verftet bygget ut:

  • Ny Dokkhall tilpassa moderne Tidlegutrustnings metodikk

  • Utvida dokk med dokk kaier, vros-grop, midtport, og forhalingssystem.

  • Utskifting av El system i hele verftet

  • Ny Tunglogistikk med nye transportsoner for Multiwheelere, ny innfartsveg etc.

  • Utvikling og installasjon av ny automatisert rørlinje for prefabrikasjon av Rør. integrasjon med nytt 3D CAD system (1996).

  • Nytt Administrasjonsbygg

  • Ny felles Kantine og sanitærrom

  • Betydelig utvida anleggsområde, med eige område for ny industri.

  • Ny Lekterkai

Andre prosjekter i perioda som Utviklingssjef:

  • Innføring av Napa for Ulstein Verft og Ulstein Design

  • Innføring av Nupas /Cadmatic 3D CAD system for Stål og Rør (1996)

  • Utvikling av Tidlegstarts konsept for effektiv oppstart og av prosjekter

  • Utredning og innføring av tidlegutrustningsmetodikk med byggestrategi

  • Innføring av kalkylesystemet Verftssupport

  • Innføring av "Earned Value" basert Prosjektrapportering i Multi m. integrasjonar

  • Utvikling og innføring av robotisert profilkuttelinje med sorteringsfunksjoner

  • Innføring av panellinje i Vanylven

  • Utvikling og innføring av "Ulstein New Office" for hele Ulstein Gruppa basert på Lotus Notes

  • Strategiprosess for verftsdivisjonen frå 1996 til 1999.

Etter at anlegget var ferdig i 2003 etablerte Bjarne Voldnes selskapet BV Consult. I starten BV Consult m.a. oppdrag å gjennomføre sluttdokumentasjonen for UV 2000+ prosjektet, samt være støtteperson  i forhold til teknologi og anlegg.

 

Les mer