Prosjektstyring

God prosjektstyring er heilt avgjerande for verksemder i Prosjektbaserte bransjar. God Prosjektstyring sikrar ikkje berre lønnsemd og risiko, men også fornøgde kundar og mindre frustrasjon mellom kolegaer og samarbeidspartnarar.

Dette krev først og fremst ein god offensiv prosjektmodell, men også kommersiell kompetanse, offensiv risiko-handtering og ein infrastruktur med tilgang på riktige styringsverktøy. Prosjektmodellen må sikre ein rask, effektiv og presis oppstart og ei "LEAN" gjennomføring. Oppfølgingssystemet skal gi tidleg oversikt med løpande avviks- rapportering og korrigering. Med dette på plass får ein eit lærande og offensivt prosjektmiljø som unngår å gjere same feil på nytt og som foredlar prosjektstyringa til stadig å bli betre.

BV Consult kan bistå med å utvikle og implementere eit tilpassa prosjektstyringskonsept med:

  • Offensiv prosjektmodell tilpassa bedrifta og leveransane
  • Overordna prosjektorganisering, og -styring (for CEO /COO eller Prosjektsjef)
  • Organisering av prosjekt i tråd med anerkjende modellar. (for Prosjektleiar)
  • Offensiv risiko styring med effektiv prosjektstart, kritiske innkjøp og ressurs-setting.
  • Konsept for løpande resultatprognosar, basert på «Earned Value» med avvik og tidleg korrigering.
  • Tilpassing av tilbods- og kontrakts standardar.