Investeringar

Investeringar i verdikjeda er nødvendig for alle bedrifter som ønskjer å posisjonere seg for framtida. Tilgang på egen kapital er alltid sterkt avgrensa. Ein må derfor prioritere grundig før ein vel kva denne investeringskapitalen skal brukast til. Målet er å sikre størst mulig avkastning og vekst av eigne verdiar.

I forkant av investeringar er det viktig å analysere kva aktiviteter og kompetansar som utgjer bedriftas kjerne. Det er investeringar i kjernen som gir den beste langsiktige avkastninga. Kjerneaktivitetar og -kompetansar skal byggast opp og vernast, ikkje spreiast "for alle vindar".  Ein treng nødvendigvis ikkje eige produksjon, men «outsoursing» gjer noko med kjernekompetansen og leveringsevna. Gjennomtenkt «outsoursing», med avtaler som sikrar styring og rettigheter, kan bidra til at investeringskapitalen kan brukast på nettopp å utvikle kjernen, heller enn dyre produksjonsprosessar som kan kjøpast.

Det er avgjerande at investeringsprosjekt innfrir forventa inntening til forventa tid. Å ta for lett på analysane og vurderingane i forkant kan resultera i verdilause investeringar som kan vise seg direkte skadeleg for bedrifta si vidare utvikling. Å ta for lett på krav spesifikasjonen kan føre til altfor høge kostnader slik at lønnsemda forsvinn. 

BV Consult kan:  

  • Gjennomføre kjerneanalyse og omsette dette til strategiske formuleringar
  • Utarbeide investeringsanalyser for ei portefølje av alternative investeringar 
  • Handtere komplekse investeringsprosjekt der komplette systemløysingar med automasjon, IT, maskiner, CRM, ERP, 3D DAK, og ev. bygningar inngår:
    • Prosessanalysar, kartlegge «best practice»
    • Kravspesifikasjon
    • Anbodsprosess, evaluering og kontrahering
    • Kontrahering og oppfølging av riktig levering av kontrakt
    • Implementering, organisering og idriftsetting.
    • Sørge for at leverandørane leverer som avtalt