Frøystad AS - Strategisk posisjonering
Frøystad AS ynskjer å utvikle og lyfte verditenkinga i organisasjonen, og verte meir marknadsorienterte gjennom å fokusere meir på kundeverdiar og differensiatorar. Det er gjennomført ein tung prosess med seljarar, administrasjon og styre for å finne fram til selskapet sine kjerneverdiar og ønska posisjon i marknaden. BV Consult AS har levert analysane og fasilitert prosessane for denne satsinga.
Strategisk posisjonering handlar bl.a. om å utvikle bedrifta sitt omdøme og merkevare. Alle som er i kontakt med bedrifta vil då oppfatte den som attraktiv og forskjellig frå konkurrentane. For Frøystad er det gjennomført interne verdiløftseminar. Salsteamet har løfta fram kundeverdiane og formulert dei på ein ny måte, i form av eit nytt, attraktivt, differensiert og tydeleg bodskap ig i form av selskapet sitt DNA. Til slutt vart bodskapet tilpassa til alle kommunikasjonsflater slik som film, WEB, presentasjonar, Messer, brosjyrer og nødvendig reprofilering, slik at heilskapen vert god.
Den nye slogan er «Utviklar fiske og havbruk». Dette skal kommunisere selskapet sin strategiske posisjon for framtida. Frøystad vil med dette være sterkt engasjert i å utvikle utstyr for fiskeri og havbruk i framtida.
Det er utvikla separat marknadsføring for segmenta fiskeri og havbruk med separate filmar og messestand innan kvart segment. Dette er utvikla i samarbeid med Fantastiske Osberget.
Ny havbruksfilm produsert av Fantastiske Osberget og BV Consult
Fiskerifilm som stadfestar Frøystad sin posisjon som utviklar innan fiskeri
Bilder frå Bluefish 2017 - Ålesund